mandag 3. juni 2013

Korleis har det vore å nytta IPad i geografi og samfunnsfag?

Me har nytta IPaden til digital lærebok (Brettboka i år, Goodreader i fjor), me har skrive notater (Pages og Pen and paper), laga tankekart (Mindjet), laga film (Imovie) og laga Eforedrag (Explain everything).

Me byrja med ein ide om at IPaden kanskje kunne erstatta både PC og bøker, men dette viste seg raskt å ikkje halda stikk. I fjor hadde me ein forsøksklasse der elevane sjølv fekk velja om dei ville bruka IPad eller Pc/Mac, desse elevane brukte IPaden i liten grad til å produsera tekster. Dette kan jo koma av at me alle har ein tendens til å velja det me er mest van med, og eg har difor tenkt at det vil vera interessant å styra elevane i større grad i starten av dette året. Det ser likevel ut til at elevane vel PC/Mac når dei skal produsere tekster, når dei får lov til å velje. Kanskje det hadde sett annleis ut om dei hadde fått utdelt tastatur med IPadane. Eg har inntrykk av at IPaden fungerer godt som digitalt læreverk, men at den ikkje fungerer så godt til tekstproduksjon.


Det har vore veldig interessant for meg som lærar å jobbe med IPad, ikkje minst fordi det har gitt meg eit visst press til å prøve ut nye måtar å gjera ting på. Det har vore ei positiv erfaring å få innleveringer som Eforedrag og film, heller enn alltid som tekst. Eg var litt skeptisk på førehand, sidan eg ikkje synest sjølv av eg er flink nok i programma til å laga film og Eforedrag, men dette har vist seg å ikkje vera noko problem. IKT pedagogen på huset har vore veldig velvillig til å ta seg av opplæringa av elevane, og elevane har vore veldig flinke til å spør kvarandre og finna utav dei problema som har dukka opp.

Turid Siqveland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar